Hotel Union, Geiranger

Hotel Union, Geiranger

Velkomen til Hotel Union Geiranger! Hotel Union Geiranger vert i dag drive av 4. generasjon Mjelva. I over hundre år har gjester kome hit for å overnatte ? og for å oppleve. Vi ynskjer deg varmt velkomen ? til eit komplett og moderne hotell, midt i eit verdskjent og vakkert fjordlandskap.

Mat & Drikke

Vår filosofi er å lage god, norsk mat av dei aller beste råvarene.

Lokale og regionale matprodusentar leverer ettertrakta råvarer som kje, lam, laks, spekemat og ost. Frå gardane i området får vi lefser, frukt og bær. Råvarene vert sette saman til spanande smakskombinasjonar og stadig nye oppskrifter. Kjøkenet på Hotel Union Geiranger lagar helst maten frå grunnen av, og mange av oppskriftene har følgt hotellet i generasjonar.

Vi nyttar mange av temahelgane våre til å setje fokus på gode råvarer, spennande smakar og god drikke.

Bad & Spa

Hjarteleg velkomen til Union Bad & Spa. Til vatn, damp og glede i Union Bad, og natur, fornying og lykke i Union Spa. Nyt den gode stunda!

Stor kapasitet – unike omgjevnader – profesjonelt og moderne

Velkomen til ei nyoppussa konferanseavdeling med moderne møte- og utstillingslokale, businessenter og eigen konferansevert. På Union får du den aller beste ramma rundt arrangementet ditt. Her høyrer inspirerande omgjevnader, god mat og felles aktivitetar med til det gode møtet.

Vi kan: styremøte, kurs, events, konferansar, medlemsmøte, landsmøte, kongressar, selskap og feiring. I 2013 tilbyr vi fleire ulike konferansepakkar, for å gjere det endå lettare for deg å planlegge eit vellukka arrangement.

Tilbake til referanser